Kjem KrF til å døy?

Nei.

ALVORLEG: Det er vel ikkje slik at alle piler peikar oppover for KrF, men det kan godt hende kristendemokratane greier å snu skuta. Her er partileiar Knut Arild Hareide på landsmøtet på Gardermoen 2. november.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Etter at KrF tok si historiske avgjerd om å gå inn i regjering med Frp, har det ikkje mangla på dødsdomar. Frå sosiale medium og kommentarfelt kan vi lære at no er det over og ut for KrF. Også på talarstolen på KrF-landsmøtet var det fleire som meinte at å gå til høgre var slutten for KrF som nasjonalt parti.

Skal Ropstad verkeleg regjere med mørkemennene i Frp? Dette går ikkje.

Motsett var det heller ingen mangel på dei som meinte det var ei dødsline for KrF å gå til venstre. Dei fyrste timane etter september-talen til Hareide gjekk telefonen varm av høgrefolk som ville fortelje korleis dette var å kaste vrak på KrF-veljarane.

Skal Hareide verkeleg ta partiet inn i regjering med sosialistane? No er det kroken på døra.

Ein av dei meir prominente som har kasta seg på denne bølgja, er Aftenposten-kommentator Frank Rossavik. I kommentaren «Aktiv dødshjelp for KrF» feller han ein hard dom over retningsvalet: «Den erstatter riktignok et langt sykeleie uten særlige utsikter til bedring. For det kan være så enkelt som at partiet lenge har vært dødsdømt uansett.»

Ingen sit med fasiten om framtida, men det er mogleg å trekkje nokre lærdomar frå fortida.

Les også

BT20: Syng KrF på siste vers?

I 1973 sat desse partia på Stortinget: SV, Ap, Sp, KrF, Høgre og Anders Langes parti (som i dag heiter Frp). I tillegg var Venstre representert med både Venstre og Det Liberale Folkepartiet etter partisplittinga året før, men sånn er det jo på sett og vis med Venstre framleis. Rett nok stiller dei på same liste til valet, men det er ikkje nett ein modig påstand å hevde at du framleis finn minst to parti i partiet.

Nesten 50 år seinare held desse partia 167 av 169 plassar på Stortinget. Raudt og MDG har kvar sin plass, men elles er Stortinget påfallande stabilt.

Hausten 2014 fekk SV stusslege 2,5 prosent på ei meiningsmåling. «Det er vanskelig å være et sosialistisk parti i et av verdens rikeste land, der det også er små sosiale forskjeller», sa Rossavik til Nettavisen. Her passar det kanskje å leggje til at han på dette tidspunktet attpåtil var politisk redaktør i BT.

Både partiet og landet er ganske likt, bortsett frå at partiet fire år seinare er to og ein halv gong så stor på målingane.

Les også

Frøy Gudbrandsen: En raus avskjed

Så seint som våren 2017 skreiv VGs politiske redaktør Hanne Skartveit at «Lysbakken var mannen som skulle gjenreise Sosialistisk Venstreparti. Slik gikk det ikke». Men slik gjekk det jo.

Heller ikkje Senterpartiet ser ut til å forsvinne, trass i at Minerva-redaktør Nils August Andresen under partikrisa i 2014 skreiv om «En verdig død». For tida kivar Sp med Frp om å vere landets tredje største parti.

Ein av dødsdom-entusiastane er Arne Strand i Dagsavisen. Etter budsjettforliket hausten 2016 slo han fast at regjeringas måte å forhandle med sentrumspartia på «ble regjeringsprosjektets bane». Han meinte regjeringa kanskje kunne overleve fram til stortingsvalet 2017, men at Erna Solberg mangla eit «borgerlig regjeringsalternativ å gå til valg med neste år. En regjering av Høyre og Frp blir for smalt og sært».

I september i år kommenterte Strand ei meiningsmåling under tittelen «De små kan forsvinne». Det kan dei sjølvsagt. Men førebels ser det ikkje slik ut. Før helga presenterte VG ei måling der både Venstre og KrF er (så vidt) over sperregrensa, og det er dei også på snittet av målingar hittil i november. Det kan godt hende at KrF klappar saman, men dei målingane som er tekne opp etter landsmøtet, tyder ikkje på det.

Og Venstre? Vel, dei har ramla både inn og ut av Stortinget gjennom eit halvt hundreår. Men sist vi sjekka sat dei ikkje berre på Stortinget, men til og med i regjering. Og både dei og Raudt (tidlegare RV) har vist at det er fullt mogleg å vere ei politisk kraft i Noreg også utanfor Stortinget.

I KrF-kommentaren innrømmer Rossavik at «jeg har riktignok skrevet ut dødsattester for partier før, bare for å oppdage at de fikk et liv etter døden».

Så må ein leggje til: Det er krise i KrF no. Det kan hende at partiet er så skadd at dei aldri greier å reise seg, men det er tre lange år til stortingsvalet. Partia har ei underleg evne til å overleve dei fleste kriser. Stabilitet pregar det norske partilandskapet. Om KrF gjer som Ap, Høgre, Frp, SV, Venstre, Raudt og Senterpartiet tidlegare har gjort, reiser dei seg på nytt.

Det er ikkje sikkert KrF greier det, men rarare ting har skjedd.

Publisert: