EØS-avtalen kan ryke

Industriarbeidarane er forbanna. LO nærmar seg eit nei til EØS. Ikkje rart det er panikk i Ap og NHO.

REISEPENGAR: Verftet Havyard Ship Technology i Leirvik i Sunnfjord var eit av åtte verft som gjekk til sak mot staten om lønsvilkår for utanlandske gjestearbeidarar i 2013. No har dei fått delvis medhald, noko som har kasta bensin på Nei-til-EØS bålet i LO, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Torsdag i førre veke vedtok styret i Fellesforbundets avdeling 5 eit krav om å seie opp EØS-avtalen. Det høyrest kanskje ikkje ut som rare greiene, men eigentleg er det eit politisk jordskjelv.

Avdeling 5 i Bergen er den største avdelinga i LOs største industriforbund, Fellesforbundet. At dei snur og går for ein norsk utmelding av EØS, ein «Noxit», har fått alarmklokkene til å ringje til topps i LO, NHO og Ap.

For viss Fellesforbundet seier nei til EØS, vil høgst truleg òg LO seie nei. Det vil leggje eit formidabelt press på Arbeidarpartiet.

Å seie opp EØS-avtalen blir rekna som utenkjeleg i det breie norske etablissementet. I Ap-leiinga, i LO-leiinga, i NHO, i alle politiske parti utanom SV, Sp og Rødt. For konsekvensane kan bli store.

EØS-avtalen har sikra Noreg tilgang til EUs indre marknad sidan 1994. Han er svært viktig norsk næringsliv og verdiskaping. Difor har òg industriarbeidarane i Fellesforbundet til no forsvart avtalen.

Men forsvaret er blitt svakare med åra. Ei rekkje direktiv har gått mot Fellesforbundet og LO, som jernbanedirektivet og EUs fornybarpakke, der nøkkelordet var Acer og frykt for dyrare, norsk straum.

Leiar Roar Abrahamsen i Fellesforbundets Avdeling 5 har snudd. No vil han og avdelinga seie opp EØS-avtalen. Det kan få store konsekvensar, seier BT-kommentator Hans K. Mjelva.

Men saka som provoserte avdeling 5 og deira leiar Roar Abrahamsen var eit vedtak i den statlege Tariffnemnda. Dei gav nyleg NHO-organisasjonen Norsk Industri og EØS-organet ESA delvis medhald i spørsmålet om gjestearbeidarar frå EU skal ha betaling for reise, kost og losji.

Vedtaket kom etter ein årelang kamp frå NHO og Norsk Industri, på vegner av ni norske skipsverft. Dei gjekk til sak mot staten etter at den påla norske vilkår for utanlands arbeidskraft i verftsindustrien, såkalla allmenngjering. Etter å ha tapt i Høgsterett i 2013, gjekk arbeidsgjevarane vidare til EØS-organet ESA. Der fekk dei medhald, noko som leia fram til vedtaket i Tariffnemnda.

Det interessante, og urovekkjande, med styrevedtaket i Avdeling 5, er at dette ikkje er ein gjeng venstreradikale rabulistar. Dette er industriens langt meir moderate kjernetroppar, dei som til no har forsvart EØS-avtalen, fordi han sikrar norsk industri fri tilgang til EU-marknaden. At dei no er viljuge til å setje heile avtalen i spel, seier noko om kor forbanna dei er.

I tillegg til sjølve vedtaket er både dei og resten av Fellesforbundet kraftig provosert av Norsk Industri sine stadige omkampar i saka. Norsk Industri har òg provosert både leiinga og andre delar av NHO, som fryktar konsekvensane viss LO sluttar seg til kravet om utmelding av EØS. Sigeren verfta har oppnådd er, for å seie det mildt, liten i høve til konsekvensane av å miste EØS-avtalen.

Les også

Hans K. Mjelva: Kraft-trøbbel for Støre

Både i 2013 og 2017 var ein mogeleg siger i denne saka eit viktig argument då dei EØS-venlege sigra på LO-kongressen. Fellesforbundet var nøkkelen til at det gjekk den vegen.

Ikkje berre er dei det største LO-forbundet i privat sektor, dei er òg ei bjølleku. Sjølv om offentleg tilsette har kome i fleirtal i LO, er industriarbeidarane framleis adelen. Det er dei som er frontfaget, sjølve juvelen i den norske modellen. Kva dei meiner, kva konkurranseutsett industri meiner, er viktig for mange, òg utanfor LO.

Viss Fellesforbundet no snur på landsmøtet neste haust, blir det høgst truleg fleirtal mot EØS på LO-kongressen i mai 2021.

Og mykje tyder på at Fellesforbundet snur. Allereie i 2015 held Nei-sida på å vinne på forbundets landsmøte. Og det vedtaket som fekk fleirtal var sterkt kritisk til avtalen.

Til våren blir det store, og EØS-skeptiske, Transportarbeiderforbundet truleg ein del av Fellesforbundet. Saman med avdeling 5 og eventuelle andre som heng seg på kan det vere nok til å sikre eit Nei-fleirtal, både der og i LO.

Då vil den EØS-venlege Ap-leiinga ha eit solid problem. Dei risikerer å miste mykje av støtta frå LO, landets mektigaste organisasjon, i valkampen. Med mindre dei støtter kravet om utmelding. Og saka blir ikkje enklare av at Ap etter alt å døme vil gå til val på å danne regjering med Nei til EØS-partia Sp og SV.

Problemet for Ap- og LO-leiinga, og NHO, er at det ikkje blir så lett å blidgjere Abrahamsen & Co. Vedtaket i Tariffnemnda er endeleg, og kan ikkje endrast før om to år. Og då av Tariffnemnda sjølv. Ap-leiinga har uansett inga høg stjerne hjå industriarbeidarane, etter dei gjekk mot heile LO og støtta regjeringa i Acer-saka.

Det som derimot kan helle kaldt vatn i årene til EØS-dødarane er om Storbritannia ender opp med ingen, eller ein dårleg, Brexit-avtale. Stadig fleire i LO reknar, som Nei til EU, med at Noreg kan få like god marknadstilgang gjennom ein vanleg handelsavtale. Eit britisk Brexit-tap vil gjere det mindre realistisk.

Skulle derimot Storbritannia få ein god avtale, vil både LO og Noreg vere eit stort steg næmare ei EØS-utmelding.

Publisert: